
- Stillingstittel
- Statsautorisert regnskapsfører
- Arbeidsgiver
- DRIV ØKONOMI AS
- Sted
- Brendehaugen 13
ULSTEINVIK - Søknadsfrist
- 17. desember 2025




Tall i balanse?
Statsautorisert rekneskapsførar søkjast til Driv Økonomi AS.
Bli med oss på laget i Ulsteinvik!
Har du lidenskap for tal, struktur og gode løysingar – og lyst til å jobbe i eit miljø der både folk og fag får rom til å vekse?
Driv Økonomi AS er i vekst, og vi søkjer ein statsautorisert rekneskapsførar som vil vere ein nøkkelperson i vidareutviklinga av selskapet vårt. Vi er eit framoverlent rekneskapsbyrå med base i Ulsteinvik – midt i hjartet av eit spanande næringsliv. Vi leverer rekneskap, rådgjeving og økonomistyring til små og mellomstore verksemder i ulike bransjar, og vi legg stoltheit i å vere personlege, presise og proaktive. Hos oss får du jobbe tett med kundar, kollegaer og teknologi – og du får vere med på å forme måten vi jobbar på i åra som kjem.
Vi tilbyr:
- Ei sjølvstendig og utviklande rolle i eit selskap med kort veg til avgjerslene
- Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø – vi likar å ha det kjekt på jobb!
- Fleksibilitet, moderne verktøy og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Varierte oppgåver og arbeidsdagar
- Konkurransedyktige vilkår
Ansvarsområde:
- Ansvar for eigen kundeportefølje med fokus på kvalitet, service og rådgjeving
- Oppfølging av rekneskap fra A til Å, inkludert rapportering, avstemming og årsoppgjer
- Rådgjeving og sparring med kundar innan økonomi, lønsemd og effektivisering
- Bidra til vidare digitalisering og forbetring av våre arbeidsprosessar
- Fagleg støtte og rettleiing for kollegaer
Vi ønsker oss:
- Er statsautorisert rekneskapsførar, med erfaring frå byrå eller tilsvarande rolle
- Har god forretningsinnsikt og evne til å sjå heilheita bak tala
- Er trygg i dialog med kundar og trivast med å byggje relasjonar
- Er strukturert, nysgjerrig og likar å finne smartare måtar å gjere ting på
- Setter pris på et uformelt, men fagleg sterkt arbeidsmiljø
Ulsteinvik – ein av Noregs mest spennande stadar å kombinere jobb, natur og livskvalitet.
Driv Økonomi AS – vi gir bedrifter drivkraft til å lykkast.
Om arbeidsgiver
Aktiv. Moderne. Fleksibel.
Vi ynskjer først og fremst å vere ein aktiv støttespelar for kundane våre. Driv Økonomi AS er opptatt av å ha oppdaterte og moderne løysingar i kommunikasjon med kunden. Eit av måla våre er at kunden skal få ei god kontakt med vår saksbehandlar og tilgang til rekneskapen sin. Vi har lang erfaring og god kompetanse innanfor vårt fagfelt.
